Danseforestillinga “Møte”

Vi har laga det vi meiner er ei unik danseforestilling der vi presenterer norsk tradisjonsdans, og vi beviser at denne viktige kulturarven fungerer godt i eit moderne scenespråk. Mottakinga på skuler og festivalar har vore overveldande.

mote_mer_11

”Et forrykende program, med ”rød tråd” fart, presisjon og utstråling. 280 ungdomsskoleelever(!) satt ”troll”-bundet, musestille i 40 min og avsluttet med flere runder trampeklapp. Det sier det meste! I mine 30 år som lærer har eg aldri opplevd noe lignende. Elevene fikk tydligvis noe de hadde savnet. Ekte vare rett og slett!”
Vidar Storbæk, lærer Trysil Ungdomsskole

”Trollbandt ungdommen”
Tine Persson, Østlendingen

”-danseframsyninga Møte, som på ein usedvanleg vakker måte synte kjensler i eit møte og i ein dans.-
Ole Aastad Bråten, kultursjef i Etnedal

”En spennende, innholdsrik og fremfor alt en forestilling med særdeles høyt kunstnerisk innhold”
Leif Braseth, Arbeidets Rett

Aktørane:

Einar Olav Larsen frå Verdal, er ein av dei beste utøvarane på både fele og hardingfele i Norge i dag. Han har vunne ei mengd prisar for spelet sitt, Han er medlem av den finsk-norske gruppa ”Frigg” som har gjort stor lukke på festivalar rundt i Europa, og på omfattande turnear i USA.

Solveig Hårdnes frå Alvdal no busett i Øystre Slidre er den kvinnelege dansaren innan folkeleg dans som har utmerka seg mest i Norge dei siste 15 årene. Ho har også klart og bevise at ei kvinne kan beherske den urnorske hallingdansen som stort sett er kjent som ein oppvisningsdans for menn. Ho er med i dansekompaniet ”Frikar” som gjekk heilt til finalen i ”Norske Talenter” på TV 2 våren 2008.

Martin Myhr frå Trysil, no busett i Ål, er den mest erfarne scenedansar innan folkeleg dans i Norge. 2500 skule- og 1500 teaterforestillingar ved ulike teatre seier sitt. Han er norgesmeister i halling 7 gonger, og seinast i 2008 som 47 åring. I tillegg til sceneerfaring driv han eit stort rekrutteringsarbeid som har vorte landskjent. Han er med i ”Frikar”, er tilkjent Statens garantiinntekt for kunstnere, og vart utnevnt til ”Fylkeskunstner 2008” i Buskerud fylke.